PDF-versjon opprettes. Dette kan ta litt tid.

Inkassoinnkrevjing hos sårbare pasientar

Saksnummer: Sak 21 - 00353

Om saken:

Det er dokumentert at kaotisk personleg økonomi, og ei uhandterleg gjeld, går ut over helsa. Det er også ein risikofaktor for sjølvmord.

Ukom har starta ei undersøking kor vi skal sjå på desse samanhengane. Målet er å undersøkje korleis sjukehusa fangar opp sårbare pasientar med økonomiske utfordringar, og kva som kan bli gjort for å betre pasienttryggleiken for denne gruppa pasientar.

Bakgrunnen for undersøkinga er eit varsel til oss frå ei mor. Sonen hennar tok livet sitt i 2017, og i etterkant vart mor kjend med at sjukehuset visste at sonen hadde gjort sjølvmordsforsøk tidlegare på grunn av ei uoversiktleg og stor gjeldsbyrd.

I bustaden til sonen fann mora ei eske med inkassovarsel. Mange av dei hang saman med ubetalte eigenandelar og gebyr han hadde fått for ikkje å ha møtt fram til polikliniske timar.

I undersøkinga vil vi belyse problemstillingar knytt til inkassokrav frå spesialisthelsetenesta, og blant anna sjå på praksisen med ikkje-møtt gebyr.

Ukom kjem ikkje til å undersøkje korleis sjukehuset har følgt opp pasienten, og tar ikkje stilling til om det var svikt i helsehjelpa. Vi har brukt varselet som ein inngang til undersøkinga om korleis sårbare pasientar med økonomiske utfordringar blir fanga opp