PDF-versjon opprettes. Dette kan ta litt tid.

Inkassoinnkrevjing hos sårbare pasientar

Ukom har starta ei undersøking kor vi skal undersøkje korleis sjukehusa fangar opp sårbare pasientar med økonomiske utfordringar, og kva som kan bli gjort for å betre pasienttryggleiken for denne gruppa pasientar. 

Det er dokumentert at kaotisk personleg økonomi, og ei uhandterleg gjeld, går ut over helsa. Det er også ein risikofaktor for sjølvmord. Ukom har starta ei undersøking kor vi skal sjå på desse samanhengane. Målet er å undersøkje korleis sjukehusa fangar opp sårbare pasientar med økonomiske utfordringar, og kva som kan bli gjort for å betre pasienttryggleiken for denne gruppa pasientar.

Bakgrunn for undersøkinga er eit varsel til oss frå ei mor. Sonen hennar tok livet sitt i 2017, og i etterkant vart mor kjend med at sjukehuset visste at sonen hadde gjort sjølvmordsforsøk tidlegare på grunn av ei uoversiktleg og stor gjeldsbyrd.

Du kan følgje arbeidet med undersøkinga og kor langt vi er kome i arbeidet.