Rapporten peiker også på at vedtaksbaserte tenester kan stå i vegen for å sjå auke i eller endra behov.
Bakgrunnen for rapporten er eit varsel frå ein kommune der tenestene ikkje fanga opp og følgde opp eit betydeleg funksjonsfall hos ei eldre, heimebuande kvinne, som blant anna hadde kognitiv svikt.
Ukom finn fleire forhold som saman bidrog til manglande oppfølging, og som i sum hadde betydning for pasientsikkerheita. Det er spesielt to forhold som har betydning . For det første gjorde den vedtaksbaserte tenesteorganiseringa at pleiarane blei for opptekne av oppgåvene som stod i vedtakspunkta. For det andre gjorde den overordna styringa det vanskeleg å jobbe med kvaliteten i tenestetilbodet.
Ukom finn også at ansvaret for pasientane kan bli uklart. Tenestene klarte ikkje i tilstrekkeleg grad å ta utgangspunkt i heilskapen og korleis pasienten opplevde situasjonen. Dei klarte ikkje å gje personsentrert omsorg.
– Me ser at tilsette gjer jobben sin og følger vedtaka som er fatta, men måten tenestene er organiserte på gjer det lett å miste oversikta over pasientens behov. Faste tilsette med observasjonskunnskap som jobbar i team med rett dokumentasjon, kan vere med på å sikre kontinuitet og betre oppfølginga av eldre som bur heime, seier Pål Iden, direktør i Ukom.
Stort leiarspenn går ut over kvalitet
Rapporten peikar på at eit stort leiarspenn i heimetenesten kan føre til manglande tid til kvalitetsutvikling og oppfølging av ansatte. Organiseringen av tenestene rundt kvinna ga lite rom for faglig ledelse. Summen av dette førte til at tenestetilbodet mangla kontinuitet, og kvinna fekk ikkje hjelpa ho hadde behov for.
– Med ei aukande eldre befolkning, der heimetenestene får fleire og meir avanserte oppgåver, blir det ei utfordring å organisere tenestene. Både å gi gode tenester, men også å gi gode arbeidsforhold for den enkelte medarbeidar, seier Iden.
I rapporten kjem Ukom med læringspunkt som kan vere med på å sikre at heimetenestene følger opp funksjonsfall. Ei oppdatert kartlegging kan sikre kontinuitet i oppfølginga. Det er også viktig at vedtaka bygger på ei felles situasjonsforståing av pasientens behov. Eit godt dokumentasjonssystem med elektroniske verktøy bør vere på plass, då blir det lettare å fange opp endringar i behov. Å jobbe i team vil også bidra til å sikre observasjonskompetanse og overføring av informasjon.
– Sjølv om dette er gjenkjennbart, kan vi ikkje berre godta at det er slik. Det er viktig å legge til rette for at ein ser alle behova pasienten har, og legge til rette for at ein lett kan justere vedtaka undervegs, avsluttar Iden.
Les rapporten: Funksjonsfall hos eldre som får heimetenester