Ukom undersøker gjentekne fall blant eldre i omsorgsbustad

Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) har starta ei undersøking som handlar om gjentatte fall blant eldre.

– Fall blant eldre kan føre til alvorleg skade og svekt livskvalitet, men også forkorta levetid. Fall kan forårsake alt frå blåmerke til alvorlege skader som hoftebrot og hovudskader. I verste konsekvens dødsfall, seier Ukom-direktør Andres Neset.

Ukom har sett saman eit team for å undersøke hendingar som handlar om fall blant eldre i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Fall kan vere teikn på ulike medisinske tilstandar. 

For eldre utgjer gjentekne fall ein risiko for deira helse og livskvalitet. Fallskader blant eldre utgjer store kostnadar for helse- og omsorgstenesta, mellom anna fordi fall kan utløyse auka økt behov for fleire tenester.

– Undersøkinga bygger på at Ukom har fått fleire meldingar både frå helsetenesta og frå pårørande som handlar om alvorlege forhold knytt til fall. Pårørande kan vere utrygge på om fall blir oppdaga og følgt opp i tide, seier Neset.

Formålet for undersøkinga er å bidra til kunnskap, læring og forbetring innan helse- og omsorgstenesta.