Fall som symptom

Bakgrunn for undersøkinga

Fleire eldre lever lenger med kronisk sjukdom, kognitiv svikt og samansette helseplagar.,  Dette utfordrar dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Samtidig er det eit politisk mål at fleire skal kunne bu heime eller i omsorgsbustad lengst mogleg (1). Dette fører til at kommunane i aukande grad gir helse- og omsorgstenester til personar med omfattande behov utanfor institusjon.

Ukom fekk varsel frå ein pårørande om ei kvinne som fall fleire gonger same dag i ein bemanna omsorgsbustad. Dei tilsette observerte kvinna, ringte legekontoret, men gav opp i telefonkø. Dottera blei bekymra og reiste til omsorgsbustaden. Ho ringde 113 då ho såg at mora hadde falle igjen.  

Bemanna omsorgsbustader er eit omsorgstilbod der fleire med omfattande behov får tenester utanfor institusjon(1, 2). Mange bebuarar har behov for tett oppfølging, koordinering og helsefaglege vurderingar over tid. Tenestene er organiserte som heimetenester, samtidig som fleire bebuarar har behov som tidlegare var vanlegare i institusjon som sjukeheim. Når behova blir meir samansette enn tilbodet er dimensjonert for, kan det bli vanskeleg å gi god oppfølging. 

Fall er ei av dei største utfordringane i eldreomsorga. Fall kan føre til skade, funksjonstap og redusert livskvalitet, og kan også vere eit tidleg teikn på sjukdom eller endring i helsetilstanden. Helsepersonell må derfor sjå gjentatte fall eller auka falltendens i ein breiare klinisk samanheng, fordi dei kan vere teikn på alvorlege underliggande tilstandar. 

Bebuarar i bemanna omsorgsbustader får som oftast medisinsk oppfølging gjennom fastlegeordninga. Helsepersonell i bustaden observerer og følger opp endringar i helsetilstanden i det daglege. Fleire kommunar og fagmiljø har peikt på at det er vanskeleg å få tilgang til lege. 

Ukom har fått fleire meldingar om eldre i omsorgsbustader eller med heimetenester som fekk forsinka vurdering og oppfølging etter fall eller andre endringar i helsetilstanden. 

Med denne bakgrunnen valde Ukom å undersøke denne saka. Hendinga viser kor krevjande det kan vere å oppdage og følge opp akutte og subakutte endringar hos eldre i bemanna omsorgsbustadar. Dette er viktig å undersøke fordi forsinka oppdaging og oppfølging kan få alvorlege konsekvensar for pasienttryggleiken.