Fall som symptom

Hendinga: Anne fall fleire gonger den same dagen

Anne, ei kvinne i slutten av 70-åra, budde i ein bemanna omsorgsbustad. Ho hadde myalgisk encefalomyelitt (ME), ein sjukdom som gir langvarig utmatting, og som over tid hadde gjort henne meir hjelpetrengande. Etter eit lengre opphald på korttids- og rehabiliteringsavdeling, fekk ho tilbod om ein kommunal bustad med bemanning heile døgnet. 

Anne har vore yrkesaktiv store delar av livet. Ho har vore gift, og har to barn.  

Anne hadde over tid hatt lite energi, låg mykje, åt lite og hadde utfordringar med hukommelsen utan at det var påvist demens. Ho hadde også plager med mellom anna at ho var svimmel, hadde kvalme og smerter. Ho hadde gått ned i vekt. Utover hausten blei både dottera og fastlegen bekymra for denne utviklinga, at ho isolerte seg meir og hadde lågt aktivitetsnivå. Tidlegare hadde ho fortalt om nokre enkeltståande fall.  

Eldre kvinne sitter på baderomsgulvet etter et fall, og støtter seg til gulvet
Foto: Shutterstock

Anne fekk hjelp til måltid, personleg hygiene og reinhald. Sjølv gjorde ho litt husarbeid. Ho hadde jamleg kontakt med dottera, som visste kva som var viktig for at mora skulle trivast.  

Ein dag på tidleg nyåret fall Anne fleire gonger mellom morgonen og ettermiddagen. Etter det første fallet observerte ein pleiar eit merke på ryggen. Anne var svimmel og verka periodevis forvirra. Personalet gjorde fleire av dei vanlege observasjonane og målte mellom anna blodtrykk og blodsukker. Blodtrykket var noko høgt, men ikkje alarmerande. Dei tilsette vurderte at ernæringstilstanden og mogleg dehydrering kunne forklare falla. Ein sjukepleier sa til oss at ho tenkte mest at Anne var svimmel på grunn av matmangel. 

Personalet kontakta dottera og informerte om fallet og situasjonen. Det blei planlagt eit møte med henne. Dottera ringde opp att og sa at ho ville kome på ettermiddagen. Det var ei travel vakt for sjukepleiaren i omsorgsbustaden. Ho ringte legekontoret, men gav opp i telefonkø. Dei tilsette hadde erfaring med at det var vanskeleg å få tak i fastlege på dagtid. Det blei derfor lagt ein plan om å følgje ekstra med på Anne og heller kontakte legevakt seinare på dagen. Dei tilsette merka seg at ho ikkje hugsa på å bruke alarmen når ho fall. 

Anne fall på nytt medan personalet var i telefonen med dottera. Etter nokre timar tok dottera kontakt igjen. Personalet hadde ikkje nådd fram til fastlegen. Då dottera kom fram etter ei reise på om lag to timar, fekk ho vite at mora hadde falle ein gong til.  

Då dottera kom inn til Anne, hadde ho falle på badet, og verka redd og forvirra. Dottera ringde då 113. Ambulansepersonalet tok henne med til legevakt, som sende henne til sjukehus. 

Ambulanse kjører på en snøkledt vei.
Foto: Shutterstock

Ved sjukehuset viste CT-undersøkinga eit subduralt hematom, ei bløding mellom den ytste hjernehinna og hjernen. Anne blei operert dagen etter. Etter sjukehusopphaldet opplevde dottera at mora blei betre enn ho hadde vore den siste tida.

Anne har no flytta og fått eit anna butilbod i ein annan kommune. Ho bur nærmare dottera og har tett kontakt med henne.