Fall som symptom

Framgangsmåte for undersøkinga

Ukom har utvikla eit rammeverk for undersøkingar i samarbeid med sikkerheitsfaglege miljø. Rammeverket skal sikre at vi samlar inn nødvendige opplysningar og analyserer og etterprøver funn, tolkingar og anbefalingar systematisk. Vi såg også til kunnskap om resiliens i helsetenesta, som legg vekt på korleis menneske og system tilpassar seg utfordringar og endringar for å oppretthalde trygge tenester (38). 

Vi brukte hendinga med Anne som referansehending for å forstå kva som skjedde, korleis det kunne skje, og kva tenestene kan lære. Vi undersøkte korleis dei involverte løyste oppgåvene og tilpassa arbeidet, kva som fungerte, og kva som bidreg til trygge tenester.  

Datainnsamlingsfasen

Innleiingsvis gjekk vi gjennom varselet, pasientjournalen og annan dokumentasjon frå kommunen og helsetenestene. Vi laga tidleg ei tidslinje over hendinga som vi justerte undervegs.

Vi byrja med ein samtale med Anne og intervju med pårørande. Deretter intervjua vi tilsette, helsepersonell og leiarar i kommunen. Vi hadde til saman 22 semistrukturerte intervju med 23 informantar. Vi brukte SEIPS (39) som rammeverk for intervjuguidane og analysen. Det hjelpte oss med å undersøke samspelet mellom menneske, oppgåver, teknologi, organisering og omgjevnader. Intervjuguidane bygde også på tidslinja og foreløpige hypotesar om kva som kunne ha påverka hendinga. Samstundes opna vi for nye opplysningar og perspektiv. 

Vi henta kunnskap frå forsking, offentlege rapportar, talgrunnlag, regelverk og faglege råd. Vi gjekk også gjennom andre varsel til Ukom som kunne belyse temaet. Før intervjua møtte vi relevante fagmiljø, mellom anna Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester og Helsedirektoratet. Møta gav meir kunnskap og fleire perspektiv på hendinga. 

Bearbeiding av data og rapportskriving

Vi veksla mellom datainnsamling og analyse. Undervegs vurderte vi ulike måtar å forstå hendinga på og korleis fleire forhold kunne ha verka saman. Nye opplysningar kunne endre spørsmåla, hypotesane og retninga på undersøkinga. 

Tidleg i arbeidet avklarte vi kva forståing og kunnskap vi tok med oss inn i undersøkinga. Deretter forma vi foreløpige hypotesar om forhold som kunne ha påverka hendinga. 

Vi brukte hypotesane til å planlegge den vidare datainnsamlinga. Vi undersøkte kva som støtta eller svekte dei, og om andre måtar å forstå hendinga på passa betre. Nye funn førte til at vi justerte hypotesane og henta inn meir informasjon, mellom anna gjennom supplerande intervju. 

Til slutt samanlikna vi opplysningar frå intervju, dokument, tidslinja og kunnskapsgrunnlaget. AcciMap synleggjorde korleis forhold på ulike nivå hang saman. Vi samla dei best støtta forståingane i funnområde. 

Seinare gjennomførte vi 11 dialogmøte med fleire ulike aktørar frå verksemda, yrkesorganisasjonar, fagmiljøa og andre sentrale aktørar. Vi la fram foreløpige funn og moglege anbefalingar. Deltakarane gav innspel om korleis dei forstod utfordringane, om funna var relevante utover hendinga, og om anbefalingane kunne gjennomførast. Vi vurderte innspela opp mot resten av datagrunnlaget og justerte rapporten der det var grunnlag for det. 

Ukom har hatt dialogmøter med:

  • Allmennlegeforeningen
  • Allmennsykepleierne i Norsk sykepleierforbund
  • Den norske legeforening
  • Fagforbundet
  • FO (Fellesorganisasjonen)
  • Helsedirektoratet, avdeling for pasientsikkerhet
  • Kommunesektorens organisasjon - KS
  • Nasjonalforeningen for folkehelsen
  • Nasjonalt senter for aldring og helse
  • Norsk forening for alders- og sykehjemsmedisin Norsk forening for geriatri
  • Norsk forening for allmennmedisin (NFA)
  • Norsk sykepleierforbund
  • Norsk sykepleierforbund, Geriatri- og demenssykepleierne
  • Pårørendebevegelsen
  • Senter for omsorgsforskning
  • Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Rogaland

Vi hadde og dialog med enkeltpersonar frå fagmiljø og representantar frå kommunar som har utvikla ulike ordningar for klinisk støtte og samarbeid om akutte og subakutte behov. Innspela gav kunnskap om moglege løysingar og vilkåra for å få dei til å fungere i praksis. 

I arbeidet med rapporten har vi brukt Microsoft 365 Copilot til å strukturere og språkbearbeide tekst og lage utkast til det engelske samandraget. Vi har også brukt verktøyet i avgrensa grad i kjeldearbeidet. Medarbeidarar i Ukom har vurdert og kvalitetssikra forslaga og kontrollert kjelder og opplysningar mot originalkjeldene. Ukom har sjølv utarbeidd faglege vurderingar, funn og anbefalingar.