Som ny direktør ser eg fram til alt det Ukom skal ta fatt på i 2026. Eg ser fram til å bli kjent med organisasjonen, folka i Ukom, samarbeidspartnarar i og utanfor tenesta og forvaltinga, og med Helse- og omsorgsdepartementet.
Ukom går no over frå å vera nye, til å bli eit etablert forvaltingsorgan og aktør i det samla pasienttryggleiksarbeidet i Noreg. Vi har fleire undersøkingar under arbeid og fleire rapporter blir lansert dei kommande månadane. Blant anna skal vi gi ut rapportar om fengselshelsetenester, om preoperative vurderingar og om tenester i sjukeheimar. I utveljinga av tema er vi opptekne av læringspotensiale, og dei kommande rapportane blir eit godt utgangspunkt for nasjonal læring.
I tillegg til rapportar skal vi halde fram med å dela kunnskap og innsikt frå arbeidet vårt til andre aktørar i tenesta gjennom utretta verksemd. Det er viktig for oss å vere til stades på dei møteplassane der helse- og omsorgstenestene faktisk er. Vi skal fortsetje å arbeide for læring og forbetring, med overordna mål om å styrke pasienttryggleiken og skape tryggare helsetenester for alle.
2026 blir eit viktig år for Ukom. Arbeidet og resultata våre er under evaluering, ny direktør er på plass, ny meldeordning trer i kraft og Ukom har over tid utvikla og tatt i bruk kompetanse, metodar og system for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Det er derfor naturleg å gå gjennom arbeidet vårt og dei strategiske vala me tar, for å sikre at arbeidet i størst mogleg grad bidreg til auke pasient- og brukartryggleiken i Noreg.
Vi er positive til ei evaluering og ser fram til å høyre resultata og følgje desse opp. Heile organisasjonen har bidratt til at dei som gjennomfører evalueringa får eit så godt kunnskapsgrunnlag som mogleg. Vi har stor tru på at den rolla Ukom har er viktig for læring og førebygging av alvorlege uønskte hendingar. Det er framleis eit stort potensiale for å få den sikkerheitsfaglege tenkinga meir innlemma i heile sektoren.
Til sommaren kjem òg ny meldeordning for alvorlege uønskte hendingar. Akkurat no bidrar Ukom inn i arbeidet Helsedirektoratet gjer med lage nasjonale retningslinjer for hendingsanalysar. Rapporten vår «Systemperspektiv i gjennomganger av alvorlige uønskede hendelser» frå desember 2025, gjev viktige perspektiv i denne samanhengen. I ny meldeordning får verksemdene i helse- og omsorgstenesta tydeleggjort sitt ansvar for å granske, involvere og drive kvalitetsforbetring etter alvorlege uønskte hendingar. Arbeidet verksemdene gjer med slike gjennomgangar er særs viktig for førebygging av nye alvorlege hendingar, og me ser at Ukom sitt arbeid og kompetanse kan bidra i dette. Ny meldeordning endrar rollene til Helsetilsynet og statsforvaltarane, og me ser fram til samarbeid og dialog med dei og andre for å sikre at den samla helseforvaltinga på ein god måte bidreg til målet om trygge og gode tenester for innbyggarane.
Andres Neset, direktør